Jørgen og Else Randi Kvåle

Rapport fra Jotunheimstien v/Jørgen og Else Randi Kvåle

Jotunheimstien

Turen langs Jotunheimstien tok oss frå larm og ståk nede ved havet i Oslo til stillheit i høgfjellet.
Vi gjekk gjennom djupe skogar, langs vakre innsjøar og tjern, myrområder, gamle setervollar og snaufjell med utsyn vidt omkring. Her var naturopplevingar i hopetall og noko nytt kvar dag.

Vi var to som tok denne turen i sumar og opplevde to veker på loffen med kurs mot nord. Oslo S og Vaterlandsparken var starten for turen. Akerselva opp til Maridalsvatnet var variert med mange idylliske plassar. Minner frå den gamle industrien langs elva fikk vi med. Vi gikk til Skjærsjøen og Øyungen ein stille og roleg tur, men ved Øyungsdammen var det liv og røre. Ein del ungdomar har samlast her for å ha ei kosleg stund. Vi går langs vatnet medan sola står godt over åskammen i vest og vi kan nyta solnedgangen oppe ved Tømtehyttene.

Turen over til Romeriksåsen var like varm som den forrige dagen, så eit friskt bad i Hyttetjern gjorde godt. På svaberget kunne vi nyta stillheita medan naturen spegla seg i vatnet. Nokre timar etterpå måtte vi opp dei bratte bakkane frå Hakadal, medan sola varma i meste laget. I Klopptjern fekk vi ein symjetur for andre gong denne dagen. Terrenget var småkupert fram til Storøyungen. Her gikk vi langs ei lang demning i sørenden av vatnet. Nordover låg vatnet stille og blankt med små øyer og lune viker.


Etter ei natt på Bekkestua gjekk turen nordover Romeriksåsen der terrenget er nesten flatt. Her var fine badeplassar i dei mange tjern og sjøar fram til Snellingen. Mellom store og vesle Snellingsvatna fann vi rester etter ei gamal mølle. På Snellingen tok vi inn på OOT hytta før vi la i veg på den lange etappa mot Lygna. Turen over Hadelandåsane var mangfoldig og full av inntrykk og opplevingar. Bruvoll har ei lang soge om skogsdrift, sagbruk og felles hushald. Avalsjøen er ein av dei vakraste innsjøane på åsen og har ei solid steindemning i austenden. Surka er ein av mange finneplassar på Hadelandsåsen. Svartåsen var ei av dei største setergrendene og med godt utsyn. Her hadde Millorg kampskule på slutten av siste verdskrig. Vi går forbi fleire setrer som ikkje er i drift i dag, men som blir brukt til hytter og beite. Vi gjekk langs Vassbråa med mange badeplassar.
(Dersom du trur turen til Lygna blir lang på ein dag kan du gå mot Åbborputthytta. Ein omveg på tre kilometer. I denne hytta som er frå 1920 åra må du ta til takke med den standard som skogsarbeiderane hadde på denne tida.)
Men vi gjekk vidare mot Lushaugen som er største toppen på Hadeland med 812 m.o.h. og her var det fint utsyn.Herfrå er det berre fire kiometer til Lygnasæter Hotell som vi tok inn på for overnatting.
Neste ettappe gjekk mot Kvitingen og Kjerringfred. På turen gjekk vi forbi fleire setrer og gikk over Høgkosvegen ved Blokhus før vi kom fram til Runden, ei lita grend med småbruk. Vidare nordover gjekk vil langs skogsveg og sti på sida av Gjøvikbanen fram til Hauktjern. Skogsveg og sti til nordre Gulsjøen. På stien mot Kvitingen fekk vi godt utsyn sør og vestover og fra toppn såg vi austover mot Toten. Kjerringfred som er ei Millorghytte ligg aust for Glåmhaugen og her måtte vi overnatte.
Det er mykje myr på denne åsen, men nedover mot Trevatn vert det turrare. Vi kryssar Valdresbana og går opp til Paulsrud Rehabiliteringssenter. Her kjøpte vi mat og elles er det åpen kiosk (varm mat må ein tinga på forhand). Koselig hytte ved Skjersjøen med overnatting for to.

Neste dag går vi mot Mælumsetra som ligg på ein vakker voll med tjern nedanfor. Her er samlingsplass for ein del vadefuglar. Vi kom til ei fin gamal steinbru like før Vesterås, vakkert byggverk. På Vesterås vart vi mottekne av ein hest og saman med denne kunne vi nyte utsikta sørover.
Vi kryssar RV 33 ved Mustadroa og går over til Skyberg. Her tok stien brått vestover. På skogsvegen sør for Venolhøgda står eit skilt som viser veg til Landåsvatnet. Denne stien førde oss til Kronviksetra, der fikk vi mat, seng og god pleie.

Tilbake på stien og skogsvegen gjekk vi vidare mot Evjemyrene Naturreservat. Vidare gjennom Tranalia til Lundon som for 120 år sidan var ei grend med husmannsplassar. På butikken i Snertingdal fylte vi ryggsekken med proviant for neste etappe. Vi slo oss til ro for natta på Hasslisetra under åpen himmel for det var så vakker ein kveld. Vi vart vekt av nokre sauer som kom for å helse på kl. fem om morgonen. Det bar vidare om Engomsætera til Storlondammen etter ein rast på Lundsætra.

Mykje bilveg og store flater fram til Skjellbreida. Ei sørvendt vakker setergrend, med den fine hytta til DNT godt plassert med utsyn utover. Nå kom vi for fyrste gong opp i snaufjell og fekk sjå milevidt. Her lå ei av mange Nysetre, vakkert til med eit lite tjern nedanfor. Vi er snart ned i bjørkeskog og går forbi Bentsetra mot Kittelbu. Her er vi inne i område med mykje kulturminner og utmarksmuset.
Etter overnatting på Kittelbu tok vi tidlig ut på tur til Liomseter og viste lite om at dette skulle bli den lengste dagsettappa på turen vår. Vi gjekk langs blaute myrer, opp på toppar, ned i dalar, forbi setrer med fellesdrift og den uendelege lange "Budeistien" fram til Grytsetra. For så til slutt opp på Nordre Suluhøgda 1124 m.o.h. Heldigvis ein vakker dag med mykje sol, rikelig med blåbær og molte. Ein god dag som vi fekk "betaling" for på Liomseter. God mat, dusj og ei god seng.
Neste dag gjekk vi til Storkvelvbu. Med litt roting for å komme over bekken gjekk det fint opp lia til vi var på snaufjellet. Lett å gå over Storkvolven med åpe landskap fram mot fjellhyllene framfor Storkvelvbu.

Det var åpe landskap neste dag, men ikkje det fine veret lenger. Det var tunge skyer over fjelltoppane så vi måtte finna fram regntøyet for fyrste gong på turen. Store hesteflokkar gjekk på beite ved Svarttjønnshølet, men dei bryr seg ikkje om oss. Framme på Storhøliseter får vi varme i ovnen og saman med fire andre blir det ein koseleg kveld. 
Neste dag skin sola når vi legg i veg mot Oskampbu. Nok ein fin dag, men vi er aleine etter stien, berre nokre sauer fekk vi helsa på, tamme som dei var. Oskampbu hadde vi heilt for oss sjølve. Nok mat og drikke.
Vi kryssa Heimdalen neste dag og går over fjellet vest for Vangstulkampen. Flott utsyn ned i Sikkilsdalen og mot Jotunheimen. Det var mykje folk på Sikkilsdalsetra denne kvelden, men vi fekk eiga hytte. Dei store hesteflokkane fekk vi ikkje sjå, men slo av ein prat med hestepassaren.

Så er det siste dagen på turen vår. Planen er å gå over Sikkilsdalshø, men veret er ikkje det aller beste. Skyer og skodde kom og gjekk, men vi håpa veret skulle lette. Men nei, vi nådde toppen og her var skodda tjukk som berre det. På turen nedover kom vi under skodda og fekk sjå innover mot Gjende, ned til Bessheim og Gjendesheim. Nesten framme ved Maurvangen vart vi tekne imot og ynskt velkomen av Radio Randsfjord med opptaksutstyr. Reppotasjen kom på lufta dagen etter.
Som avslutnig på turen vart vi godt mottekne av Ragnhild på Bessheim og fekk nyte god mat og godt drikke.